Ekspressruter i Eid

Ekspressbåten Fjordglytt på Eidsfjorden på 1970-talet. Foto: Harry Runderheim.

Ekspressbåten Fjordglytt på Eidsfjorden på 1970-talet. Foto: Harry Runderheim.

Ekspressbåtruta på Nordfjord

Fylkesbaatane starta i 1971 dagleg ekspressbåtrute med hurtiggåande passasjerbåtar mellom Bergen og Nordfjordeid. Frå Nordfjordeid var det busskorrespondanse til indre Nordfjord. Den første ekspressbåten var ”Fjordglytt”. Dette var ein katamaranbygd båt som kunne ta 140 passasjerar og med toppfart på 28 knop. ”Fjordglytt” skulle vere den første katamaranbygde passasjerbåten i verda. (I Sogn hadde Fylkesbaatane litt tidlegare same året sett inn ”Fjordprins” på ei ny ekspressbåtrute Bergen-Årdalstangen. Denne båten var bygd på eit kanonbåtskrog, kunne ta 173 passasjerar og gjere 32 knop). Ekspressbåten på Nordfjord hadde endestopp på Nordfjordeid fram til byrjinga av 1980-talet. Då vart ruta innover fjorden kutta ut, og Måløy vart endestopp for ruta fram til 1988, då Nordfjord-ekspressen fekk endestopp i Selje.

Nordfjordekspressen tek på passasjerar på haldeplassen på Haugen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjordekspressen tek på passasjerar på haldeplassen på Haugen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjordekspressen

Alt i juni 1975 starta Nordfjord og Sunnmøre Billag i samarbeid med Ottadalen Kommunale Billag og NSB den første ekspressbussruta frå Nordfjord til Oslo.

Inntil den nye heilårsvegen over Strynefjellet vart opna i 1978 vart ruta berre trafikkert i sommarhalvåret fram til 30. september. Turen tok den gongen 12 timar. I Stryn var det korrespondanse med buss til og frå Sandane. Ruta gjekk med buss berre til Otta, der det var omstiging til tog. Grunnen til dette var at Stortinget den gongen var sterkt opptekne av å skjerme NSB – Norges Statsbaner – mot konkurrerande parallellkøyring med rutebussar der NSB trafikkerte. På 1980-talet endra synet på slik konkurranse seg, og ekspressbussane frå Nordfjord har sidan køyrt heilt fram til Oslo.

Norway bussekspress

Nordfjord og Sunnmøre Billag har sidan 1988 vore tilslutta trafikksamarbeidet Norway Bussekspress. Ekspressbussruta Bergen-Førde-Nordfjordeid-Ålesund – «Vestlandsbussen» - vart starta i 1990 som eit samarbeidsprosjekt mellom fleire trafikkselskap i landsdelen. Den første som hadde prøvd seg på ei sør- og nordgåande ekspressbussrute på Vestlandet, var ein tidlegare drosjesjåfør frå Kristiansund som heitte Harald Kaald, men denne «Kaald-ruta» som starta i 1984, fekk berre kort levetid.