Eksersisplassen Viksmoen

Staute karar i fine uniformer i Vik på 1890-talet. Dei fleste er ukjende, men nr. 2 frå venstre framme er Andreas Norevik, og nr. 3 bak er Sakarias Hjartholm. Foto: Sophie Lexau. Eigar: Birger Norevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Vik var det militær eksersisplass i 172 år, frå 1726 til 1898. Særleg dei siste 25 åra stod militærvesenet sentralt i den blømingstida som bygda då opplevde - både økonomisk og kulturelt.

Det Wigske Compagnie

vart skipa i 1726 med eksersisplass på garden Sæbø på Vikøyri. Både her og på garden Sjøtun låg det telthus - dvs. lagerhus for militært utstyr.

Sogns Bataljoner

I 1874 avløyste Viksmoen Lærdal som eksersisplass for Sogns Bataljoner. I øvingsvekene kunne det vere opptil 900 soldatar samla i Vik.

Offisersgarden Sjøtun rundt 1910. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Offisersgarden Sjøtun rundt 1910. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Offisersgarden Sjøtun

På garden Sjøtun budde bataljonsjefen. Difor har gardstunet også vorte kalla «Ovestegarden» eller Oberstgarden.

Dei første offiserane på «Ovestegarden» høyrde til Fasting-slekta (sjå også Fasting-garden i Ortnevik og Prestegarden på Skei). Den første fastbuande bataljonssjefen var Christen Christensen. Det flotte hovudhuset på «Oberstgarden» Sjøtun brann i 1938.

Borgstova som er teken vare på som kulturhus, er bygd i 1864, og er det eine av to hus som står att etter den gamle offisersgarden på Sjøtun. Det andre gamle huset er ei korntørke. Elles budde mange offiserar på Hopstock Hotell.

Her ved Vik kyrkje låg eksersisplassen Viksmoen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her ved Vik kyrkje låg eksersisplassen Viksmoen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kort blømingstid

Dei militære gjorde seg sterkt gjeldande både i politikk og kulturliv elles i Vik i dei få åra Vik var senter for den militære aktiviteten i Sogn. Kjøpmenn og hotellvertar tente gode pengar på det militære, og utleige av eksersisplass og husrom for soldatane gav gode ekstrainntekter til bønder og strandsitjarar.

Mange bygde også hus som dei leigde ut som bustader for offiserane. Eitt av dei var eit flott hus i sveitsarstil som seinare vart kalla «Øen-huset» etter lensmann Anfin Anfinson Øen som kjøpte det. Huset, som i dag ligg like ved riksveg 13 i Flatbygdi, vart bygd av snekkar Endre J. Tryti (1862-1946).

Øen-huset som vart leigt ut til offiserar. Offiseren med hest på tunet er oberstløytnant Solheim. Mannen til venstre er Endre J. Tryti, som bygde huset. Biletet er teke rundt 1890. Foto: Nils O. Reppen. Eigar: Arne Tryti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Høgdepunktet var nok kongegjestinga i 1896, då kong Oscar vart motteken med æresportal, flagg og faner i Vik. Men i 1898 var det brått slutt, sjølv om vikjene med stortingsmann Anfinn Refsdal i spissen kjempa ein hard kamp mot nedlegging. Eksersisplassen vart lagt ned og aktiviteten flytta til Bømoen på Voss.

Idrettstevlinga i 1894

I 1894 vart det skipa til ei militær idrettstevling på Viksmoen. Bak denne stod den seinare landskjende idrettspioneren løytnant Henrik Angell. Dette var ei av dei første organiserte idrettstevlingane i fylket. Den første var ei kappgangtevling i Innvik i 1872 (sjå: Idretten i Stryn). Ei av øvingane i Vik var 10.000 meter kappgang, som Angell sjølv vann.