Eikum Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Eikum Hotell på Ytre Hafslo vart starta i 1919 av Brita og Per Eikum. Då overtok dei eit eldre hus frå Per Tang og starta gjestestove med fire senger. Huset vart gradvis påbygd til hotell. I 1953 overtok dottera til Brita og Per Eikum, Ella og ektemaken hennar Sigmund Kjos-Wenjum hotellet.
Brann og nybygg
I 1956 vart Eikum Hotell totalskadd ved brann. Eit nyreist hotell med 35 sengar stod ferdig året etter.
Eikum Hotell før brannen i 1956.
Utvidingar i fleire etappar
I 1970 vart hotellet utvida med stor sengeromsfløy. I 1977 overtok Aud og Birger Kjos-Wenjum hotellet. Matsal på 200 kvadratmeter vart bygt i 1980, og med nye utvidingar frå 1990 til 1997 har hotellet 55 rom.
Delt i fleire selskap
I 2000 vart verksemda delt i eit eigedomsselskap og eit driftsselskap. I driftsselskapet er det fjerde generasjon i eigarfamilien, Ståle Kjos-Wenjum som er dagleg leiar.