Eid kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Eid kyrkje vart bygd i 1849. Arkitekt var handelsmann Claus Wiese, byggmeister Ole Olsen Løken. Altertavla er frå 1892, måla av Cecilie Dahl.
Kyrkja er innvendig utsmykka i «drakestil» av den kjende treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik (1846-1925). (sjå også Rugsund kyrkje og Totland kyrkje under Kyrkjer i Vågsøy).
To kyrkjeklokker er frå 1700-talet. Kyrkjenøkkel med runeskrift frå mellomalderen i Oldsaksamlingen, Oslo. Første kyrkja på Nordfjordeid var ei stavkyrkje på Myklebust.
Altartavla. Foto: Bjarne Eldevik.
Ein del av utsmykkinga til Lars Kinsarvik. Foto: Bjarne Eldevik.
På dette biletet ser vi slitasjen på takmåleria. I 2011 skal Eid kommune reparere skadane. Foto: Bjarne Eldevik.
Veggmåleri av Lars Kinsarvik. Foto: Bjarne Eldevik.
Fjordungskyrkje for Nordfjord
På Myklebust på Nordfjordeid stod truleg den første kyrkja som vart bygd i Nordfjord utanom klosterkyrkja på Selja. Denne første kyrkja på Eid var ei stavkyrkje, og hadde rang som fjordungskyrkje, d.v.s. hovudkyrkje i sin del av Nordfjord. For innfjorden hadde steinkyrkja på Vereide i Gloppen (sjå Vereide kyrkje) same status.
Det er truleg at denne første kyrkja på Myklebust strauk med då gardstunet der brann, for på 1400-talet er det nemnt at Eida-kyrkja står på nabogarden Mel. Dette var ei korskyrkje. I 1689 brann Eida-kyrkja, og i 1692 vart det bygd ei ny korskyrkje på branntufta. Denne kyrkja hadde vakkert interiør med tårnet som takryttar midt på, og vart i 1849 riven og avløyst av kyrkja som står der i dag.
Krosskyrkja som vart avløyst av dagens kyrkje. Teikning: Oddvar Almenning.