På dette biletet ser vi inngangen til den gamle tunnelen på vegen Vadheim-Teigen lengst til venstre. Strekninga derifrå til inngangen til den nye Bogstunnelen var svært rasfarleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Samanhengande veg Vadheim-Lavik kom først i 1960, då den siste parsellen på strekninga var ferdig: Det var den gamle Bogentunnelen på 636 meter. På den gamle vegstrekninga låg elles Avsnestunnelen ved munningen av Vadheimsfjorden (181 meter) og den vesle Teigatunnelen (54 meter) litt lengre vest.
Inngangen til Bogstunnelen på vestsida. Til høgre ser vi den gamle vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Bogstunnelen
Bogstunnelen på E39 (3482 meter) frå Bogen til Teigen vart opna i juni 2004. Den gamle vegen langs Vadheimsfjorden var utsett for ras, og fleire gonger var det nære på at menneskeliv gjekk tapt. Ei lokal aksjonsgruppe med pendlarar pressa på for å få ein sikrare veg. Den nye tunnelen vart delfinansiert ved at det vart kravd inn bompengar som ein del av billetten på ferjesambandet Lavik-Oppedal. Etter planen skulle bompengeinnkrevinga vare til 2017, men stor trafikkauke på ferjesambandet og gunstig rentenivå gjorde at lånet var nedbetalt alt i 2011.
Ny veg ved Torvund
I 2010 starta arbeidet med å byggje ny veg og tunnel på strekninga Teigen-Torvund. Den gamle vegstrekninga over Torvundhovden er smal og svingete, og det blir ofte opphoping av trafikken når to større køyrety møtest.
Delar av E39 mellom Vadheim og Lavik held ikkje den standarden som krevst på ein europaveg. I 2010 starta arbeidet med ein ny tunnel som skal erstatte denne smale vegstrekninga ved Torvund. Foto: Ottar Starheim, NRK.