Drapet på driftekar Erik Høyheim

Driftekarane var kjende for å vere stinne av pengar når dei vende heim etter å ha fått oppgjer på Austlandet. Det enda tragisk for driftekar Erik Høyheim.

I 1817 var driftekaren Erik Høyheim frå Luster på veg heim att med ei velfødd lommebok. Han hadde overnatta hjå Botolv Johannesson i Nondalen i Årdal før han om morgonen la over fjellet mot Krokadalen. Men husverten Botolv lurte seg etter Erik til fjells.

Kasta i jølet

Før han drog heimefrå hadde Botolv sagt til drengen at han skulle til skogs på lauving, og dersom drengen høyrde noko, så skulle han ikkje bry seg. Etter denne dagen vart driftekar Erik Høyheim søkk borte, sjølv om leitemannskapa saumfor fjellet. Men ei stund seinare fortalde budeier frå Krokadalen at dei hadde sett ein kar som hadde kome berande på ein tilsynelatande livlaus kropp. Liket hadde han kasta ned i eit gjøl.

Smurde sorenskrivaren

No vart liket av Høyheim funne, og Botolv Johannessen vart kalla inn til forhøyr. Men så vert det hevda at han kjøpte seg unna straff ved å bestikke sorenskrivar Irgens i Solvorn med eit feitt okseslakt!

Alle fekk straff

Etter segna gjekk det ille med alle som skulle kjenne løyndomen kring det som truleg var eit drap:

- Nokre år seinare vart Nondals-bonden Botolv drepen av ei helle som losna frå fjellet. Segna seier at han freista å røma unna steinhella, men ho fylgde jamvel etter han i motbakke, gjorde eit brått kast til sides og slo han i hel.

- Også den svikefulle sorenskrivaren gjekk det ille: Då han låg som lik, kom ein mann som skulle vere gjenferda etter den drepne driftekaren Høyheim og vreid hovudet av liket.

- Drengen på garden i Årdal kjende nok også til sanninga kring mordet, og løyndomen vart så tung å bere at han miste vetet.