Diktaren Henrik Wergeland frå Gulen-slekt

Foto: © Scanpix.

Foto: © Scanpix.

Diktaren Henrik Wergeland (1808-1845) har slekta og slektsnamnet frå garden Verkland ved Ynnesdalsvatnet i Gulen. Farsætta kom herifrå:

Bondesonen Nils Olson Verkland (1717-1792) var den første som tok familienamnet Wergeland. Han let seg verve i 1737 til militærteneste i København. Dei danske offiserane greidde ikkje å uttale «Verkland» rett: Dei uttalte V-en med «F-lyd» i staden for vanleg norsk «V». Difor endra Nils skrivemåten på etternamnet til Wergeland. Etter 16 år i det militære i København, reiste han tilbake til Bergen for å verte kjøpmann.

Ein slektning av denne soldaten og kjøpmannen var klokkar Halvor Lassesen i Hosanger. Han flytta seinare til Bergen, og ein av Halvor sine søner var den kjende presten og Eidsvolls-mannen Nicolai Wergeland (1780-1848). Nicolai vart ved dåpen kalla Niels Lassesen. Men Niels Lassesen likte tydelegvis korkje førenamnet eller etternamnet. Han skifta førenamn til Nicolai, og til etternamn tok han same namnet som grandonkelen Niels hadde: Wergeland. Slik vart altså Nicolai Wergeland sin son heitande Henrik Wergeland.

Brød af Steen og Aand af Striler

På ei ferd gjennom Sogn i 1832 vitja Henrik Wergeland Eivindvik, der han budde hos prost Niels Griis Alstrup Dahl. Det var etter dette opphaldet hos Dahl at Wergeland skreiv hyllingsdiktet «Eivindvig», der han omtalar den allsidige folkeopplysningspresten Dahl som mannen som kunne få «Brød af Steen og Aand af Striler»:

Diktet 'Eivindvig' av Henrik Wergeland

Henrik Wergeland og målaren I. C. Dahl hadde felles slektsrøter i Brekke, frå lensmann Claus Hansson Breche d. 1680 - sjå: Målaren I. C. Dahl frå Gulen-slekt.

Camilla Collett.

Camilla Collett.

Camilla Collett

Henrik Wergeland hadde fem sysken. Ei av desse var forfattarinna Jacobine Camilla - betre kjend som forfattarinna Camilla Collett (1813-1891) som m.a. skreiv «Amtmandens døtre» (1855).

Oscar Wergeland

Den kjende målaren Oscar Wergeland (1844-1910) stammar frå same slekt: Nikolai Wergeland var grandonkelen hans. Oscar Wergeland har m.a. måla biletet av Riksforsamlinga på Eidsvoll 1814, som heng bak presidenten i Stortingssalen.