Den mislukka cellulosefabrikken

Berre 12 år var det drift i VeTreFo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Berre 12 år var det drift i VeTreFo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestlandske Treforedling A/S - VeTreFo vart skipa av Vestlandske Skogeigarsamband i med sikte på å byggje ein tremassefabrikk som skulle utnytte lauvskogen på Vestlandet. Den første og hittil einaste cellulosefabrikken på Vestlandet vart bygd på Hovlandsøyra i Vadheim i 1959.

Fabrikken dreiv i periodar med tre skift og hadde 40-50 tilsette. Mange av arbeidarane var tilflyttarar. Men leveransen av lauvskog frå Vestlandet svikta. For å halde hjula i gang, måtte VeTreFo importere store mengder lauvskog frå Polen og Danmark, og gjekk med store tap. VeTreFo gjekk konkurs i 1971.

Arbeidarane tok seg arbeid på verket i Høyanger og ved skipverftet i Leirvik. Fabrikkanlegget med djupvasskai sto ubrukt i mange år, inntil Pedro Ytredal starta lakseoppdrettet Pedrolaks på tomta. Også dette gjekk konkurs, og kommunen overtok for å byggje ein såkalla næringspark. I år 2001 etablerte det danske selskapet Berentsen Tekstilservice eit større vaskeri i dei gamle fabrikklokala i Vadheim.

Les også: