Cirkus Agora A/S

Sirkusdirektør og grunnleggjar Jan-Ketil Smørdal. Foto: Scanpix

Sirkusdirektør og grunnleggjar Jan-Ketil Smørdal. Foto: Scanpix


Cirkus Agora A/S vart grunnlagt i 1989 av den då 25 år gamle Jan-Ketil Smørdal frå Hjelmelandsdalen - sjå denne under Kjende personar i Eid. Sirkuset har sidan starten turnert over heile landet, og har også vitja Island.

Sirkuset er støttespelar i den undervisninga som Fjordane folkehøgskule har drive i sirkusfag.

Sirkuset gjekk konkurs i 2008 etter ein turné på Island, men kom i gang att i 2009, denne gongen som sirkus utan dyr. Men dette vart ingen suksess. Publikum svikta, og i 2010 vart Cirkus Agora igjen slege konkurs.