Christen Jenssøn Askevold

Dette er truleg gravsteinen til Christen Jenssøn. Foto: Arild Nybø, NRK

Dette er truleg gravsteinen til Christen Jenssøn. Foto: Arild Nybø, NRK

Førstesida i gloseboka.

Førstesida i gloseboka.

Christen Jenssøn Askevold (1606-1653). Prest i Askvoll. Ordbokforfattar. Gav ut den første norske ordboka i 1646, ”Den Norske Dictionarium eller Glosebog”. Mesteparten av orda er samla frå daglegtale i Askvoll. I 1653 drukna presten og dei to rorskarane hans ved Skiveneset i Hyllestad på heimveg frå ei av kyrkjene i soknet.

I 1953 vart det ved Askvoll kyrkje funne ein gravstein som ein meiner kan vere minnesteinen hans.

Dødsåret 1653 vart hogge inn i steinen, som er reist ved inngangen til kyrkja (biletet). Bror til Peder Jenssøn (1612-1684) — sjå: Heibergane kjem til Amla.