Byprega næringsliv på Lærdalsøyri

Lærdalsøyri hadde tidleg eit bymessig preg, og husa stod tett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdalsøyri hadde tidleg eit bymessig preg, og husa stod tett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tettstaden på Lærdalsøyri voks sterkt i første del av 1800-talet: Frå 109 menneske i 1801 auka folketalet til 764 menneske i 1855, og Lærdalsøyri var no den klart største tettstaden i fylket. Næringslivet i tettstaden likna svært mykje på det ein elles berre fann i byane. I tillegg var Lærdalsøyri på den tida administrasjonsstad for amtmannen (fylkesmannen) i Sogn og Fjordane. Staden hadde eksersisplassen for Sogn. Her kom det første apoteket på landsbygda i Noreg i 1843. Staden hadde sju landhandlarar. Ein sakførar slo seg til her, sju arbeidde som postførarar, og her budde to telegrafistar og jordmor.

Tettstaden fekk svært tidleg fastskule til avløysing av omgangsskulen, og første skulehuset vart bygd i 1839.

Mange bakarar

Langs gata fanst det m. a. urmakar, gullsmed, blikkenslagar, glasmakar, garvar, fargar, gjørtler (messingstøypar), børsemakar, salmakar, fem skreddarar, fem skomakarar, fire målarar og sju bakarar. Fleire av handverkarane var tilflytte frå Bergen. Mange undrast gjerne over kvifor det i gamle dagar var så mange bakarar kringom på bygdene – t.d. sju berre på Lærdalsøyri. Grunnen var at heimedyrka korn ikkje var brukande til gjærbakst, og ferskt, heva brød måtte difor steikast av kjøpemjøl som den lokale bakaren fekk frå by’n.

Amtmann Christian Ulrich Kastrup budde på garden i framgrunnen. Til venstre ser vi Hauge kyrkje. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Amtmann Christian Ulrich Kastrup budde på garden i framgrunnen. Til venstre ser vi Hauge kyrkje. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Amtmannen budde på Lærdalsøyri

Nordre Bergenhus Amt - frå 1919 Sogn og Fjordane fylke - vart skipa i 1763, etter at Joachim de Knagenhjelm (sjå denne – Sogndal kommune) hadda masa så lenge om å få sitt eige amt at Kongen gav etter og delte Bergenhus amt i to. Juristen Knagenhjelm, som til då hadde vore sekretær hjå amtmannen i Bergen, flytta heim til ættesetet Kaupanger Hovedgård og budde der så lenge han var amtmann.

Etter Knagenhjelm-perioden budde amtmannen for Nordre Bergenhus i Bergen i mange år, noko som vart sterkt kritisert av folket som budde i Nordre Bergenhus Amt. I 1840 bøygde amtmann Christian Ulrich Kastrup av for presset og flytta til den einaste tettstaden av nokon storleik i amtet sitt; Lærdalsøyri. Her budde amtmannen fram til 1862, då embetssetet vart flytta til garden Nybø på Systrond.

Amtmennene som budde i Lærdal, var Christian Ulrich Kastrup 1833-1844, Hans Tostrup 1844-1852 og Michael Conrad Sophus Aubert 1852-1862. Særleg den siste gjorde mykje av seg i fylkesstyringa, m.a. som medskipar av Fylkesbaatene i 1857.

På Lærdalsøyri er mange store og fine hus verna, men også husa til småkårsfolket finn vi døme på. Dette er Rauastova i Øyragata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Lærdalsøyri er mange store og fine hus verna, men også husa til småkårsfolket finn vi døme på. Dette er Rauastova i Øyragata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.