Bygdedokter i Leirgulen

Før bygdene fekk distriktslegar og jordmødre var det ofte «hjelpekoner» og sjølvlærde bygdedokterar som vart bodsende når folk hadde trong for fødsels- eller legehjelp.

Ein slik var Jon Per Jonson Leirgulen (1856–1946) i Leirgulen. Han vart kalla både «Svarte-Jo» fordi han var så mørkléta, og for «Lisje-Jo» fordi han var så småvaksen.

Men han hadde lært seg kunsten å lækje folk som trengde det: Til hjelp hadde Jo ein bryneliknande stein som han drog over det vonde staden, eller han kokte medisin av urter og nokre spesielle steinar som han putta i gryta. Kor friske folk vart etter denne kuren, fortel soga ingenting om.