Eitt av bruka på Løfall som vart skilde ut tidleg på 1900-talet.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Selskapet Ny Jord (skipa 1908) og Det norske Myrselskap (skipa 1902) spela frå byrjinga av 1900-talet ein sentral rolle i nydyrkingsarbeidet i Noreg.
Særleg mellomkrigstida stimulerte store statstilskot til nydyrking og bureising. I Sogn og Fjordane vart det i åra frå 1922 til 1955 løyvd tilskot til i alt 623 bureisingsbruk. I åra frå 1923 til 1938 vart det rydda 21 nye småbruk i Gaular kommune.
Frå 1918 til 1939 var det elles stor nydyrking i Gaular. Berre på Løfall sør for Sande vart det skilt ut fem bureisingsbruk. På 20 år vart det dyrka arealet auka frå 2500 dekar til 10.500 dekar - d.v.s. meir enn ei firedobling av jordbruksarealet i Gaular kommune.
Dette plasserer Gaular på andreplass mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Berre Jølster hadde større nydyrking i mellomkrigstida med vel 8100 dekar. Sjå Bureisinga i Dvergsdalsdalen.
Les elles samleartiklar under Sogn og Fjordane fylke: Nydyrking og bureising .