Brende stova

Tuberkulosen vart ein folkepest på slutten av 1800-talet og fram til 2. verdskrig.

I mange tun kunne sjukdomen råke storparten av huslyden. Eit vanleg råd for å verte kvitt smitten i hus der det hadde lege sjuke, var å «røykje» – d.v.s. at ein fylte romma med røyk.

På husmannsplassen Kobbeteigen på Heggdal i Innvik gjekk den fattige vedhoggaren Salve Arnesson Loen endå meir drastisk til verks: Då begge døtrene Kristi og Barbro døydde av tuberkulose, brende han like godt stova ned til grunnen og flytta derfrå.