Breim kyrkje

Breim kyrkje. (Foto © Ottar Starheim, NRK)

Breim kyrkje. (Foto © Ottar Starheim, NRK)

Kyrkja på Reed vart bygd i 1886. Arkitekt var H.Thorsen. Altartavla frå 1886 er ein kopi av eit Adolph Tidemand-motiv, måla av Christi Bø. Ei katekismetavle frå 1615 heng i kyrkja. Preikestolen og døypefonten er frå byggjeåret 1886. Ein gamal brurebenk som er teken vare på i koret kyrkja, er frå 1600-talet, og andre flotte bygningsdetaljar skriv seg frå same hundreår. Kalk og disk til nattverdstenesta er frå 1621.

Frå gudstenesta i Breim kyrkje 17. februar 1921. Kvinnene, som alle bar skaut, sat på venstre sida, mennene på høgre sida. Foto: Olav Kvaale. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå gudstenesta i Breim kyrkje 17. februar 1921. Kvinnene, som alle bar skaut, sat på venstre sida, mennene på høgre sida. Foto: Olav Kvaale. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gapestokken på muséum

Gapestokken som stod utanfor kyrkja, er teken vare på i Bergen Muséum. Den er 170 centimeter høg og har ein jernklave øvst til å låse kring halsen til syndaren. Ei messingplate som er teken vare på i Vestlandske Kunstindustrimuséum i Bergen viser ein mannsperson i 1600-talsdrakt.

Fire tidlegare kyrkjer på Reed

På Reed har det vore i alt fire tidlegare kyrkjer: Den første vart bygd på 1200-talet og stod fram til ein brann i prestegarden i 1334. Denne kyrkja er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1308 og var truleg ei stavkyrkje. Det er uvisst kvar denne kyrkja stod. Etter brannen reknar ein med at det vart bygt ei ny kyrkje på Reed på slutten av 1330-talet. Også denne kyrkja var mest sannsynleg ei stavkyrkje. Ho vart erstatta av ei korskyrkje i 1620, men den var dårleg bygd, og vart erstatta av ei ny kyrkje i 1667. Denne kyrkja skal ha vore fint dekorert innvendig. Då den vart riven for å verte erstatta av noverande kyrkje, vart mykje av materialane nytta til kommunehuset for Breim kommune på Reed. Dette bygget står framleis.


Mellomalderkyrkja som vart riven då noverande Breim kyrkje vart bygd.

Mellomalderkyrkja som vart riven då noverande Breim kyrkje vart bygd.