Bot for langvarig bryllaup

I gamle dagar fann konge og fut dei underlegaste råder for å drive inn pengar. Ei av dei var å setje forbod mot å ture bryllaup i meir enn ein dag.

I 1656 råka regelen den fatige bonden på Mettenes. Då måtte Rasmus Pederson Kroken svare fire riksdalar i bot fordi bryllaupet hans hadde strekt seg over ein dag ekstra!