Bombinga av «Framnæs»

DS Framnæs. © Fjord1 Fylkesbaatane.

DS Framnæs. © Fjord1 Fylkesbaatane.

18 år gamle Sofia A. Nesje var mellom dei omkomne

18 år gamle Sofia A. Nesje var mellom dei omkomne

I november 1944 vart Fylkesbaatanes «Framnæs» skoten i brann av 30 allierte fly ved Kjelkenes i Midtgulen. Skipet hadde kring 70 passasjerar ombord. Fire passasjerar og ein av mannskapet vart drepne, og ni personar hardt såra. Fire menneske frå Bremanger kommune miste livet:

  • Gjert Nordal (1862–1944) frå Svelgen. Kårmann på Eikeland.
  • Harald Haraldsson Hafstad (1892–1944) frå Kalvåg. Døydde på sjukehuset i Florø etter skadane.
  • Thomine Torsdotter Kjerpeset (1894–1944) frå Svelgen.
  • Sofie Adolfsdotter Nesje (1926–1944) frå Svelgen.

I same åtaket bomba flya ein konvoi i Midtgulen. D/S «Helga Ferdinand» og D/S «Aquilla» vert sette i brann og forliste. Fire tyskarar fall og 10 vart såra i åtaket.