Bombing og død på Hermansverk

Teikning av kaptein Thorvald Johannessen, frå jubiléumsboka til Fylkesbaatane (1958). Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Teikning av kaptein Thorvald Johannessen, frå jubiléumsboka til Fylkesbaatane (1958). Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den 25. april vart Fylkesbaatane sin rutebåt «Gudvangen» bomba av to tyske fly medan den var i ferd med å leggje frå kai på Hermansverk. Båten vart ikkje treft ved det første åtaket, og la seg tett opp under land på Fatlabukta. Her trefte bombene fjellsida, og splintar og stein hagla over skipet, som vart sterkt skadd. Styrmann Erling Vårdal fekk ein bombesplint i brystet, men vart ikkje alvorleg skadd.

Ny runde med bombing

Seinare same dag kom Fylkesbaaten «Kommandøren» til Leikanger med kring 100 norske soldatar ombord. Like etter at dei hadde gått i land, kom dei tyske flya tilbake og gjekk til åtak på båten og soldatane som marsjerte i flokk innover mot Hermansverk.

Søkte ly

Soldatane søkte ly i hus på Husabø. Kaptein Thorvald Johannessen på «Kommandøren» vart råka av ein bombesplint og døydde på veg til sjukehuset i Lærdal. Også ein handelsreisande frå Bergen, som hadde søkt ly bak eit fruktre, vart råka av bombesplintar og døydde. Ein annan frå mannskapet og ein 16 år gamal gut frå bygda vart alvorlege skadde av bombene. Mora til guten vart lettare såra. Fleire hus i bygda vart ramponerte av bomberegnet. På Hanehaug var det mange som flytte ut og budde hos grannar i dagane etter.

Denne løa på Husabø vart ramponert av ei bombe.

Denne løa på Husabø vart ramponert av ei bombe.