Bolseth Glass

Bolseth Glass på Kleivedammen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bolseth Glass på Kleivedammen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bolseth Glass AS vart grunnlagt på Sandane i 1961 av Magnus Bolseth frå Jølster. Han overtok då ein mindre glasverkstad.

I 1981 flytta bedrifta inn i nye produksjonslokale på 3500 kvm på Kleivedammen. Verksemda har hatt fleire store oppdrag til nasjonale bygg som OL-bygningar på Lillehammer, flyplassen på Gardermoen og Ullevaal Stadion, og har også hatt byggeoppdrag i andre skandinaviske land.

Bolseth Glass har montasjeavdelingar i Oslo og Bergen. Verksemda sysselset kring 70 tilsette, av desse halvparten på Sandane, og hadde ei årsomsetning på 116 millionar kroner i 2010.

Magnus Bolseth selde i 2010 aksjane sine i Bolseth Glass AS til dei tre sønene sine.