Bjarne Lerum

Foto: Tor Sivertstøl, NRK.

Foto: Tor Sivertstøl, NRK.

Bjarne Magnar Lerum (1941-2010). Teknisk direktør i Lerum Fabrikker AS, og medeigar i Lerum-konsernet.

Han planla og leia bygging og utvikling av Lerum sine store produksjonsanlegg for saft, syltetøy, jus og brus. Han sat i styret for Lerum AS og var teknisk direktør fram til han døydde.

Bjarne Lerum var svært bilinteressert, og han bygde opp sitt eige private bilmuseum i Kaupanger, sjå Bjarne Lerums Bilmuseum.


Son til Karl Lerum, og bror til Kåre Lerum og Gerd Kjellaug Berge.