Bjørnesoger i Jølster

I fjelltraktene mellom Jølster og Breim var det mykje bjørn fram til ca. 1900. Denne bjørnen vart skoten av jegerar frå Breim. Bak frå venstre ukjend, Ivar Kvile, Berent Teita og Ola Skinlo. Framme Rasmus L. Bjørnereim og Gabriel Reed. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I fjelltraktene mellom Jølster og Breim var det mykje bjørn fram til ca. 1900. Denne bjørnen vart skoten av jegerar frå Breim. Bak frå venstre ukjend, Ivar Kvile, Berent Teita og Ola Skinlo. Framme Rasmus L. Bjørnereim og Gabriel Reed. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fjella kring Jølster var mykje heimsøkte av bjørn i eldre tider. Fleire kom i nærkamp med bjørn og vart hardt skadde, og ved to hendingar vart folk drepne av bjørn.

Jølstring drepen av bjørn i Breimsfjella

Den 13.oktober 1832 var Bendik Johansen (Jeremiassen) Øvrebø frå Klakegg på bjørnejakt i fjella ved Kandalen i Breim saman med ein mann frå garden Mykland og Ole og Bertel (Berulf) Andtonsen frå Egge i Breim. I fjellet ovanfor Mykland kom dei brått på ein bjørn.

Bendik fekk berre inn eitt skot som streifa bjørnen og gjorde den illsint. Ein annan av jegerane bomma. Bjørnen gjekk til åtak, først på Ole Egge som vart hardt skadd. Bendik Øvrebø slo etter bjørnen med geværkolben, og dermed sette bjørnen rett på Bendik. Bertel Antonsen freista å skyte bjørnen, men i det same skotet gjekk av, kasta bjørnen seg til side og kula råka Bendik Øvrebø i staden. Jegeren frå Myklands-garden sprang ned i bygds etter hjelp, men Bendik Øvrebø døydde nett då hjelpa kom fram. Ole Egge måtte berast heim, men kom seg til hektene att.

Bjørnen drap mann på Myklebust

Den 22. september 1836 gjekk jegerar manngard etter ein slagbjørn som hadde drepe mykje bufe i fjellet ovanfor Myklebust, og udyret hadde til og meg våga seg inn på gardstuna og drepe dyr i eit fjøs.

Bjørnen freista å smetta unna jegerane ved å setje nedover mot gardane på Myklebust då den vart oppdaga ved Orkja. På Myklebust vart det skote etter dyret som truleg vart råka av lette streifskot. Det såra dyret sette mot ein bøgard der det stod to menn. Den eine var Nils «med elva» – Nils Johannesen Nedrebø Møklebust. Han hadde berre eit grev til å verje seg med då bjørnen sette rett på han og reiv han opp. Bjørnen stakk seg unna då fleire jegerar kom til, medan Nils vart boren heim i husa med store skadar. Han døydde kort tid etter.

Slagbjørnen frå Myklebust vart truleg skoten i Nordfjord noko seinare same året, for denne hadde fleire skothol i pelsen.

Mann skadd av bjørn på Ålhus

Kring 1830 vart Simon Hans Hegrenes frå Ålhus stygt skadd av ein bjørn i utmarka. Simon kom på bjørnen då den låg og gnog på eit sauekadaver. Men då han freista å jage bort udyret med ein stokk, gjekk bjørnen til åtak. Simon vart skambiten over nakken og slegen ned. Han greide likevel å kome seg unna, men hadde mein etter basketaket resten av livet.

Kamp med bjørn ved Førde-bygda

Gardane Førde ved Breimsvatnet høyrde fram til 1964 til Breim kommune. Her budde Nils Kolbeinson Førde (1803–1870). Han vart kalla Store-Nils fordi han var ein røsleg kar. Kring 1840 var han på saueleiting ved Gamledalen og Nipa ikkje så langt frå Førs-støylane, då ein bjørn brått sette på han i ei smal skor ved Gaddane. Store-Nils hadde berre slirekniv å verje seg med, og vart skambiten og ille tilklora av bjørneklørne. Men han greidde å få beistet unna og kom seg med mykje strev ned frå fjellet ved eiga hjelp. Store-Nils vart sengeliggande i fleire månader etter kampen med bjørnen, og fekk mein av det resten av livet.

Gut på Heggheim nær bjørne-drepen

I 1856 herja ein bjørn i geiteflokkane i Stardalen. Ein dag var mennene på garden Ytre Heggheim på veg opp på Heggheimsfjellet for å leite etter ei sakna geit. Den tolv år gamle Sjur Bendiktson Heggheim (1844–1930) fylgde med. Sjur gjekk sist i fylgjet då bjørnen brått rusa ut frå gøymestaden sin og tok på den verjelause guten. Sjur vart skambiten over nakken og halsen før dei vaksne kom til med økser og grev og fekk jaga udyret unna. Den hardt såra tolvåringen vart boren til gards og vart liggjande til sengs i lang tid før han kom seg til hektene att.

Bjørneskadd i Langedalen

Inst i Stardalen ligg gardane på Fonn. Kring 1865 herja ein slagbjørn stygt med buskapen, og bygdefolket la inn over Langedalen på jakt etter rovdyret. Bjørnen vart jaga ned mot dalbotnen ved Fonn. Ved eit tilfelle var Knut Åmot nett der bjørnen kom ned. Han hadde ingen ting å verje seg med då bjørnen gjekk til åtak. Knut fekk kløyvd ei hand og rive opp den eine foten. Bjørnen rømde unna, men Knut var så ille skamfaren at han måtte berast til bygds og vart sengeliggjande i lang tid. Han bar mein etter møtet med bjørnen resten av livet.

Berga geita frå bjørnen

Under garden Høyset i Stardalen var det ein mann som kring 1840 tok ut eit lite nydyrkingsbruk. Det vert fortalt at første høyavlinga ikkje var større enn at han hesja alt i ein stige! På eit slikt armodsleg bruk var ei geit gull verd. Då ein bjørn kom til gards for å ta geita til den fattige nybrotsmannen, verja han både seg sjølv om geita med det han hadde for hand – eit grev. Kampen enda med at mannen jaga udyret til skogs att, og snytte bamsen for ein geitemiddag.