Bjørnejakt i Årdal

I fjellområda rundt Ofredal leika Bankbjørnen katt og mus med bjørnejegrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I fjellområda rundt Ofredal leika Bankbjørnen katt og mus med bjørnejegrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei store rovdyra, særleg bjørn, gjorde mykje skade på husdyr i Årdal heilt fram på 1900-talet.

På slutten av 1800-talet herja den vidgjetne slagbjørnen «Bankbjørnen» kring Ofredal. Namnet fekk den fordi folk sette pengar på eigen skotpremiekonto i banken. Kjende bjørnejegerar som m.a. Nils Røisum frå Leikanger prøvde å kome på skothald, men «Bankbjørnen» lurte jegerane gong på gong. Stølsbudeiene tende bål og skramla med gryter om natta for å halde bjørnen unna, og i Ofredal fyrte dei til og med av skremmeskot frå saluttkanon. Til slutt vart «Bankbjørnen» skoten av Jakob Bugge frå Ornes i Luster.

Sjur Ingebrigtson Eldegard dreiv mest med reinsjakt (sjå artikkelen Engelskmenn på reinsjakt), men han var og ein kjend bjørnejeger.

Fleire stader i Årdalsfjella sette folk opp sjølvskot (gildre) for å få has på bjørnen. Slike sjølvskot stod m.a. i Bjørnestigen i Geithusberget og i Hjellenakken. Her var det trange gjel som bjørnen brukte opp og ned fjellet.

Den siste bjørnen i Årdal vart skoten i Gjerdesteigen i 1912 av Tomas Svalheim. Den siste sikre observasjon av bjørn i Årdal var i 1948 i Geisdalen ved Tangen.

I Hjellenakken ved Hjellefossen i Utladalen var det sett opp sjølvskot for å få has på bjørn. I framgrunnen hovudhuset på garden Hjelle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Hjellenakken ved Hjellefossen i Utladalen var det sett opp sjølvskot for å få has på bjørn. I framgrunnen hovudhuset på garden Hjelle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.