Bertel Vonen

Bertel Johannesson Vonen (1799–1868) frå Vonen i Naustdal. Korpssmed og politikar. Han vart ein dugande smed og børsemakar som alt som 12-åring smidde sitt første gevær og bygde klokker. Den hendige Bertel Vonen vart oppdaga av oberst Holck då han stod eksisen på Dingemoen i Dale. Holck sende Bertel i lære i Oslo og på Kongsberg Våpenfabrikk. Der fekk han tildelt eit sølvkrus som teikn på at han var ein særdeles dugande elev. Etter tida på Austlandet flytta Bertel Vonen til Dale i Sunnfjord, der han dreiv eigen verkstad og var børsemakar for Dingemoen Eksersisplass.

I Dale dreiv han også gjestgiveri og var postopnar. Han kjøpte garden Steia i 1866.

I 1836 var han medskipar av Holmedals Sogns Bondevenforening, og han utvikla ein ny jernplog og andre gardsreiskapar på oppdrag for selskapet. Vonen var med i formannskapet i Ytre Holmedal frå kommuneskipinga i 1837 og sat ein kort periode som ordførar i 1847.

Han var far til Nikka Vonen som dreiv jenteskule i Dale, og farfar til Barthold Vonen.