Bergensbanen (Oslo-Bergen)

I dag går banen mellom Bergen og Oslo over Myrdal (biletet) og Finse. (Foto: NRK)

I dag går banen mellom Bergen og Oslo over Myrdal (biletet) og Finse. (Foto: NRK)

Alt i 1875 gjekk den første norske jernbanekommisjonen, leia av Ole Jacob Broch, inn for at jernbanen mellom Oslo (den gong Christiania) og Bergen skulle byggjast etter ei høgfjellsline Hallingdal-Voss. Alt i denne første planen var sidebaner til Sogn og Granvin i Hardanger tekne med.

Men det drygde med formelt vedtak om lineval, og i mellomtida dukka også alternativet om ei «fjordline» gjennom Lærdal og Aurland i Sogn opp.

Line langs fjorden

Året 1890 var det sterk mobilisering med «300 stemmeberettigede fra Sogns forskjellige Districter» som kravde at Bergensbanen skulle byggjast etter «fjordlina» om Lærdal og Gudvangen, med jernbane langs fjorden. Fylkesstinget slutta seg til oppmodinga.

Høgfjellsalternativet vann

I Stortinget var Aurlandsdalen eller Lærdal først dei mest aktuelle - sjå: Jernbaneplanar og Hemsedalsveg. Men i 1884 vann «høgfjellsalternativet» Voss-Myrdal-Finse, og Bergensbanen vart opna i 1909.

Breispora bane

Bergensbanen vart bygt som såkalla breispora bane med ei sporvidde på 1.435 mm - i motsetnad til t.d. Vossabanen mellom Voss og Bergen, som vart bygt i 1883 med smal sporvidde på 1.067 mm. Vossabanen måtte difor byggjast om i 1904 for å kunne gå inn som ein lekk i den nye, breispora Bergensbanen.

Anleggskraft frå Kjosfossen

Eit av dei største ingeniørprosjekt i Noreg til då, var bygging av den 5.311 meter lange Gravhalstunnelen mellom Myrdal og Uppsete.

For å skaffe kraft til det store tunnelanlegget, vart det i 1896 bygt ein kraftstasjon i Gangdalsfossen ved Uppsete på vestsida, og i 1898 ein liknande kraftstasjon ved Kjosfossen på Sognesida. Det er ruinane etter denne gamle kraftstasjonen som framleis kan sjåast ved den mektige Kjosfossen.

Frå Kårdal øvst i Flåmsdalen og opp til Myrdal vart det bygt ein fire kilometer lang anleggsveg med i alt 17 svingar oppover fjellsida. I tillegg vart det bygt løypestreng i fjellsida.

Hestetransport til anlegget vart ei svært god inntektskjelde for flåmsbøndene. Dagløna for lass på 400-500 kilo var på 10 kroner, og midtsommars kunne opptil 100 hestar vere i sving samstundes.

Les meir om: