Bearbeiding av jordbruksprodukt

Ingen kommunar i Sogn og Fjordane har skapt så mange arbeidsplassar for bearbeiding av lokale jordbruksprodukt som Stryn:

Ullvare

I 1890 starta Wald P. Skaaden Indvikens Uldvarefabrik, som tok imot ull frå bønder på Vestlandet, og hadde over 60 tilsette kring 1915.

Bygdemøller

I mellomkrigstida vart det bygd tre bygdemøller: Den største vart bygd i Olden 1920 etter initiativ frå Rasmus Bruvoll. I Erdal i Oppstryn starta Ivar Erdal mølle i 1932, og på Årnes låg Eikenæs Bygdemølle. Mølla i Olden står framleis ved den nye turistbåtkaia.

Meieri

Før sentralmeieriet vart bygd på Tonning i Stryn i 1949, var det lokale meieri i dei fleste bygder. (Sjå elles om lokaliseringskamp under «Meieristrid og bygdespenningar».)

Sagbruk

Større og mindre sagbruk m.a. på Faleide, Olden og i Utvik produserte skurlast frå dei store fureskogane.

Slakteri

I Olden starta Nordfjord Kjøttindustri (Nordfjord Kjøtt) i 1961 som eit dotterselskap av Stryn meieri etter ein bitter lokaliseringsstrid for VS-slakteri i Nordfjord. I 1970 tok disponenten Leif Roksvåg over som eigar, og flytta i 1978 over i nytt storslakteri i Loen. Nordfjord Kjøtindustri har i dag ei årsomsetning på 500 millionar kroner, og med 280 tilsette er det den største verksemda i indre Nordfjord.