Båtruter i Høyanger

Nordeide har vore utgangspunkt for fleire båtruter. I 2011 går MF Sylvarnes i rute til Måren og Ortnevik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordeide har vore utgangspunkt for fleire båtruter. I 2011 går MF Sylvarnes i rute til Måren og Ortnevik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilførande båtrute Vadheim-Lærdal vart opna i 1934. Fylkesbåten «Stavenes» gjekk i ruta, etter at den hadde forsterka framdekket. Ruta gjekk dagleg, og frakta i 1935 521 bilar. Ruta korresponderte midtfjords med ein rutebåt frå Gudvangen, og dersom båtane skulle utveksle bilar, vart dei lossa over i rom sjø.

Båtruta Høyanger/Nordeide-Leikanger

Den første bilførande båtruta mellom Høyanger/Nordeide og Leikanger vart starta i 1945. Frå 1956 gjekk det bilferje mellom Nordeide og Hella. Denne vart avløyst av den nedkorta ferjestrekninga Nordeide-Kongsnes i 1971 då vegen Balestrand-Kongsnes var ferdig.

Ferje Lavik-Instefjord

vart starta i 1955. Etter at det ei tid hadde gått ferge Vadheim - Instefjord. Ferjeleiet på sørsida vart flytta til Brekke i 1967 då vegen Instefjord-Brekke var ferdig. Ferjeleiet på sørsida vart flytta til Oppedal i 1990, og fergetida på E39 over Sognefjorden vart korta ned frå ca. 50 til 30 minuttar. (Om vegsambanda sørover sjå Samferdsle i Gulen).

Ferjestrekninga Kongsnes-Nordeide

vart lagd ned då Høyangertunnelen vart opna i 1982.

Ferjesambandet Nordeide-Svortemyr

vart opna 1982. Frå 1992 har ferjeleiet på sørsida lege i Ortnevik. Les meir om Fylkesbaatane si historie i Høyanger.

Fylkesbåten Sylvarnes som tek sju bilar går i rute mellom Nordeide og Ortnevik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylkesbåten Sylvarnes som tek sju bilar går i rute mellom Nordeide og Ortnevik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.