Aviser og media i Leikanger

Framsida av avisa Sogn og Fjordane frå 4. august 1942. Artikkelen ”Kampen for Norges framtid” levnar liten tvil om at nazistane hadde teke kontroll over innhaldet i avisa. Redaktør Ivar Tveit rømde til Sverige i 1944.

«De Lidendes Ven»

frå 1891 - sjå under Sogns Barneheim.

«Sognevarden»

– sjå under Sogns Barneheim.

Sognevarden 15. januar 1938.

Sognevarden 15. januar 1938.

Sogn

vart starta på Leikanger i 1932.

Sogn og Fjordane

vart namnet på avisa «Sogn» frå 1936. Sjå Sogn.

Sogningen/Sogns Avis (SSA)

hadde opphavet sitt i avisa Sogningen som vart starta i Vik i 1897, og avisa Sogns Avis som også vart starta i Vik på 1920-talet.

Sogn Folkeblad

vart starta i 1938 av Det Norske Arbeiderparti, og kom fram til 1940 ut på Leikanger. Etter opphald under 2. verdskrig, vart avisa starta opp att i Høyanger i 1945, og utvikla seg sidan til Sogn Dagblad, som gjekk inn i 1997.

Sture Husabø med førsteutgåva av Sogn Avis. Foto: Atle Løkken, NRK.

Sture Husabø med førsteutgåva av Sogn Avis. Foto: Atle Løkken, NRK.

NRK Sogn og Fjordane

opna lokalkontor for Sogn på Hermansverk i 1981 med Inge Kjell Holme frå Sogndal som journalist. Kontoret heldt fram til 1989 til i det gamle bygget ved Sognefjord Hotel på Knausen. Då Fylkeshuset vart ferdig i 1989, flytta kontoret over dit. I 2000 vart lokalkontoret for Sogn flytta frå Hermansverk til Sogndal, og har i 2003 Arne Eithun og Arve Uglum som reporterar for fjernsyn og radio.

Sogn Avis

vart skipa ved at dei to Leikanger-avisene Sogningen/Sogns Avis og «Sogn og Fjordane» vart slegne saman.