Aviser og media i Førde

Førde har den største nynorskavisa - Firda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde har den største nynorskavisa - Firda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde er ”mediehovudstaden” i Sogn og Fjordane med kring 130 tilsette i ulike medieverksemder. ”Firda” er den største avisa i Sogn og Fjordane, og NRK Sogn og Fjordane har hatt hovudkvarter i Førde sidan 1979. Fleire regionaviser har gjennom åra hatt korrespondentar i Førde.

Nordre Bergenhus Amtstidende

vart starta og gjeve ut i Florø, men i åra 1886-1891 vart avisa gjeven ut i Førde. Grunnen var at Amtsskulen heldt til i bygda i desse åra, og styraren der, E. M. Hole, var samstundes redaktør i Nordre Bergenhus Amtstidende. Boktrykkjar Sefland ved kyrkja på Skei trykte avisa i denne tida. Seinare vart avisa flytta tilbake til Florø.

Firda

Firda er den største avisa i Sogn og Fjordane, og kjem ut med seks nummer i veka. Avisa er den største nynorskavisa i landet.

Tinglysingstidende

vart gjeve ut av Olai Nordeide (sjå Firda) som eige blad for Vestlandet frå ca. 1925 til 1939. Då han gjekk frå redaktørstolen i Firda p.g.a. nazistane i 1942, tok han opp att utgjevinga av Tinglysingstidende ei kort tid, men måtte innstille p.g.a. papirmangel.

Tor Grønnevik

Tor Grønnevik

Sunnfjord Tidend

vart starta i Førde i 1933, men gjekk inn i 1935.


Gjallarhorn

var ei sosialistisk avis som vart skipa i 1935 av Tor Grønnevik, og vart i 1938 organ for Arbeidarpartiet då Martin Loftesnes (sjå denne - Flora kommune) overtok. Han hadde tidlegare vore redaktør i Firda Tidend. Gjallarhorn vart innstilt då krigen braut ut i 1940 og kom ikkje ut sidan.

Framsida til Gjallarhorn 19. april 1940.

Framsida til Gjallarhorn 19. april 1940.

Samfunn og Næring i Sogn og Fjordane

var eit tidsskrift som vart gjeve ut frå 1986 til 1988 av Vest Media AS, Førde. Redaktør var Ingemar Nordstrand, som i 1987 tok initiativet til ein årsviss næringslivskonferanse og skiping av «Profilprisen» for næringslivet i fylket.


Avdelingskontor for aviser:

Bergens Tidende

opna avdelingskontor i Førde 1965, frå 1970 med Gerdfinn Eithun som journalist. På 1990-talet vart kontoret utvida med journalistane Per Marifjæren og Terje Ulvedal og fotograf Oddleiv Apneseth.

Bergens Arbeiderblad

hadde avdelingskontor i Førde 1977–1981 med Sigurd Løseth som journalist.

Firdaposten

hadde avdelingskontor i Førde 1977–1996. Journalistar har vore Anne Marie Astad, Johs. Apold, Sigurd Løseth, Sølve Stang, Jan Atle Stang, Arne Schei, Gunnhild Sindre, Grethe Eithun.

Avisa ”Dagen”

hadde ein kort periode sist på 1970-talet avdelingskontor i Førde, med Marit Idsøe som journalist.

Gratisavisa Fylkesmagasinet.

Gratisavisa Fylkesmagasinet.

Gratisaviser:

Sentrum

vart grunnlagt 1990 av Reidar Indrebø i reklamebyrået Trendsetter. Redaktørar har vore Finn Ove Njøsen, Tormod Flatabø og Ola Nesje.

Førdeavisa

vart starta i 1999 av Ola Jakob Huus og Arne Gjesdal. Avisa gjekk inn etter få nummer.

Fylkesmagasinet

vart starta i 2001 av Media Bergen, A til Å Reklamebyrå, Ole Jonny Klopstad og Tore Fossen, med den sistnemnde som redaktør.


Radio og fjernsyn

NRK Sogn og Fjordane

Vedtaket om at Sogn og Fjordane skulle få eit distriktskontor for Norsk Rikskringkasting vart gjort i 1974. I 1979 vart kontoret offisielt opna.

Stein Jarle Aase (t.v.) og Stian Sjursen Takle under ei føremiddagssending i NRK Sogn og Fjordane. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Stein Jarle Aase (t.v.) og Stian Sjursen Takle under ei føremiddagssending i NRK Sogn og Fjordane. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Nynorsk Mediesenter

-sjå NRK Sogn og Fjordane og Nynorsk Mediesenter under Skular i Førde.

Førde Nærradio

starta sendingar 1985 og avslutta med konkurs i 1995. Det meste av tida var Magnor Hornnes redaktør.

TV 2

hadde i perioden 1993-1996 eigen korrespondent for Sogn og Fjordane stasjonert i Førde. Journalist var Rolf Sanne-Gundersen. Han vart seinare redaksjonssjef og konstituert distriktsredaktør ved NRK Sogn og Fjordane.

Internett-selskapet ”sofie.no”

vart starta i år 2000 av Arne Eithun og Ståle Almenning. Sofie.no gjekk konkurs og innstilte drifta våren 2001.