Askvold Preserving Co A/S, hermetikkfabrikk, vart starta i 1919.
Askvold Preserving. Prospektkort frå 1920.
Det var folk frå Stavanger som starta fabrikken som tok imot brisling og mussa til sardinproduksjon. Den store fabrikkbygningen vart totalskadd av brann i 1920, året etter at den var bygd like ved rutebåtkaia. Også andre ekspedisjonsbygget på fylkesbåtkaia og landhandlar Larsen sitt butikk- og bustadhus i nærleiken strauk med. Fabrikken kom ikkje i gang att.