Arne på Stodrheim

Arne på Stodrheim slik kunstnaren Inge Rotevatn har framstilt han.

Arne på Stodrheim slik kunstnaren Inge Rotevatn har framstilt han.

Arne på Stodrheim (fødd ca. 1100– d. e. 1162) frå Stårheim. Lendmann med stort jordegods.
Han skal også ha fått tilnamnet Arne Kongsmåg - fordi han skulle vere gudfar og næraste rådgjevar til barnekongen Magnus Erlingson.

Gifte seg med dronning

Arne vart gift med Dronning Ingerid Ragnvaldsdotter like etter at den tredje ektemannen hennar, lendmann Ottar Birting, vart snikmyrda i 1147. Ingerid fekk norsk dronningtittel i det andre ekteskapet sitt då ho var gift med kong Harald Gille. Arne på Stodrheim og dronning Ingerid fekk fire born saman: Sønene Inge, ”baglarbispen” Nikolas Arnesson og Filippus på Herdla, og dottera Margrete Arnesdotter. Sonen Filippus fall i slaget mot kong Sverre Sigurdsson på Ilevollen i Trondheim i 1180.

Dotterson vart jarl

Dottera Margrete var mor til Filippus Simonsson, ein jarl som onkelen, bisp Nikolas Arnesson, med støtte frå danskekongen Valdemar, gjorde ein mislukka freistnad på å få gjort til ”baglarkonge” i 1204. I 1207 lukkast bisp Nikolas med å få systersonen Filippus vald til konge av baglar-flokken. - Les meir om den mektige Stårheimsætta etter lendmann Arne på Stodrheim i biografiane om Dronning Ingerid Ragnvaldsdotter, Nikolas Arnesson, Margrete Arnesdotter og Filippus Simonsson.