Annanias Batalden

Annanias Batalden var langt frå rådlaus.

Annanias Batalden var langt frå rådlaus.

Annanias Batalden (1893-1973) frå Batalden. Ein av dei fremste føregangsmennene på Vestlandet for å betre handikappa sine kår.

Han var sjølv fødd med cerebral parese, og fekk hjelp av soknepresten til å kome inn på spesialskulen Sofies Minde i Bergen. Der lærde han seg m.a. å bruke føtene til veving, snikring og måling til erstatning for forkrøpla hender.

I 1933 skipa Annanias Batalden Sunnfjord Vanførelag, og reiste sjølv rundt for å rekruttere medlemer, og fekk skipa nærmare 50 lokallag og støttelag for vanføresaka. Han var leiar i Sunnfjord Vanførelag i 29 år, og som reisesekretær i Vestlandske Vanførelag vart han ein kjend mann kringom i alle bygder, der han tok seg fram i den pedaldrivne vogna si.

I 1959 fekk han reist vanføreheimen Vestbris i Havreneset. Her gav han eit stort areal av garden sin til føremålet. Institusjonen var i bruk fram til 1984.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.