Anna Sofie Herland

Anna Sofie Herland (1913-1993) frå Indrevær. Husmor og Venstre-politikar og første kvinnelege ordføraren i Sogn og Fjordane. Vart landskjend då ho i 1955 vart ordførar og ein trudde at ho var den første kvinna i eit slikt verv. Men det var ikkje rett: Åsa Helgesen var den første – ordførar i Utsira i Rogaland 1926-1928.

M.a. deltok Herland i radio–showet ”Vi går ombord” med Erik Bye, og avduka også «Norwegian Lady» i Virginia Beach, USA.

Anna Herland var også medlem av skulestyret.

Vararepresentant til Stortinget 1958-1965.