Andreas Aabel

Andreas Aabel (1830–1901) fødd i Sogndal – heile fødenamnet er Morten Andreas Leigh Aabel. Forfattar, og distriktslege i Indre Sunnfjord med bustad på Falkenstein i Førde frå 1864 til 1876. Flytta seinare til Valdres og Toten.

Er særleg kjend for å ha dikta ”Se Norges blomsterdal”, og nytta elles landskap og opplevingar frå tida i Sunnfjord i romanar og dikt. Son til Peder Pavels Aabel. Far til skodespelaren Hauk Aabel (1869-1961), som var fødd i Førde, og farfar til skodespelar Per Aabel (1902-1999).