Andre fossekjøp i Årdal

Hjellefossen var mellom fossane som vart selde, men seinare trekte tilbake. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjellefossen var mellom fossane som vart selde, men seinare trekte tilbake. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Like over hundreårskiftet vart også Hjelle-, Avdal- og Høljafossen i Årdal selde, men vart seinare tekne tilbake av grunneigarane.

Industrimannen Ragnvald Blakstad frå Skien kjøpte i 1906 fallrettane i Nyset-vassdraget i Årdal. I Sogn og Fjordane gjorde han det mest kjende fossekjøpet i Ålfoten, der han seinare selde fallrettane til det skandaleombruste Ålfotselskapet (sjå Ålfotsaka). Han kontrollerte også fallrettar i Flåm. Rettane i Årdal samla Blakstad i 1910 i fosseselskapet A/S Nyset, med ein aksjekapital på 400.000 kroner.

Også konsul Harald Larsen opererer som fossekjøpar i Årdal: Larsen er mest kjend for store fossekjøp og stålverksplaner i Høyanger og kjøpet av Fortunsvassdraget. I Årdal sikra han seg store fallrettar i Utla og innover mot Vetti. Desse fallrettane vart i 1941 kjøpte tilbake av grunneigarene på tvangsauksjon. Konsul Larsen fekk også kjøpt A/S Nyset frå Ragnvald Blakstad. A/S Nyset selde vidare til ÅSV i 1955. Vassdraget vart utbygd på slutten av 1980-talet saman med Steiggjevassdraget ved Årdalsvatnet.

Sjølv om både fallrettar og industrigrunn i Årdal skifte eigarar fleire gonger før dei hamna hos utbyggjingsselskapa, så var likevel dei reine spekulantane i Årdal få samanlikna med t.d. Rjukan. Der måtte Hydro ordne opp i 151 pantobligasjonar og 1700 hefte før dei fekk hand om fossar og tomter.

Les meir om: