Anders Martinus Andersson Erdal

Anders Martinus Andersson Erdal (1856–1932) frå Naustdal. Lærar og Venstre-politikar. Han var medlem av kommunestyret i 30 år frå 1898 til 1928, og ordførar 1920–1928.

Medskipar av Naustdal Sparebank, Naustdal og Vevring Branntrygdelag, Firda Lærarlag og Sunnfjord Ungdomsskule i Førde. Erdal var ein ihuga indremisjonsmann, og ei tid var han redaktør av bladet ”Ungdomsvennen”. Vararepresentant på Stortinget 1913-1918, og fast representant 1919-1921.