Anders M. Sølvberg

Anders M. Sølvberg.

Anders M. Sølvberg.

Anders M. Sølvberg (1898–1965) frå Fjelli. Bonde, politikar og organisasjonsmann. Var frå 1920 bureisar og rydda garden Fjellvang. Han var aktiv i ungdomslag, fråhaldslag og politikk. Han fekk skipa innkjøpslag for bøndene og Fjelli Samyrkelag. I 1935 skipa Sølvberg Fjelli Bonde og Småbrukarlag som det andre laget av dette slaget i fylket, og han gjorde opptaket til og vart første formann då Sogn og Fjordane Bonde og Småbrukarlag vart skipa i 1946.

Etter mykje strid kring fordeling av styreverva vart Sølvberg styremedlem i Sogn og Fjordane Landbrukselskap i 1947. Anders M. Sølvberg og Kornelius Sølvberg starta i 1949 eit eige medlemsblad for småbrukarane i Sogn og Fjordane og Hordaland; ”Småbrukaren”, med Kornelius Sølvberg som redaktør. Bladet gjekk inn i 1951.

Anders M. Sølvberg vart tildelt gullmedalje og diplom frå Sogn og Fjordane Landbrukselskap.