Anders E. Sølvberg

Anders E. Sølvberg

Anders E. Sølvberg

Anders E. Sølvberg (1878–1972) frå Utvik. Son av handelsmannen der E.A. Sølvberg (sjå Forretningsfamilien Sølvberg).

Starta landhandel i Førde 1909. Frå 1919 i eigen butikk like ved Langebrua (Sølvberg-hjørnet). Sølvberg var disponent i Firda Billag 1922-1937. Sonen Peder A. Sølvberg (1906–2000) flytta til Askvoll og starta der handelshuset P.A. Sølvberg (sjå Industri og næring i Askvoll). Ein av sønene til P.A. Sølvberg er Anders Sølvberg, som var administrerande banksjef i Sunnfjord Sparebank frå 1974, og frå 1988 til 2001 i Sparebanken Sogn og Fjordane.