Alf H. Larsen

Alf H. Larsen (1899–1945) frå Aurland. Matros. Han omkom då Fylkesbaatane sin D/S ”Kommandøren” vart senka av ein tysk torpedo ved Nykirkekaien i Bergen den 29. mars 1945.

Torpedoen var ein av to torpedoar som i vanvare eller ved eit uhell vart skotne frå ein tysk MTB som låg ved Bradbenken på nordsida av Vågen.