Alexandra Hotell

Hotel Alexandra i Loen. Foto: Harald M. Walderhaug

Hotel Alexandra i Loen. Foto: Harald M. Walderhaug

Alexandra Hotell i Loen er ei av dei største reiselivsbedriftene på Vestlandet, og den største i Sogn og Fjordane. Alexandra er den største arbeidsplassen i Stryn kommune, med 125 tilsette på heilårsbasis.

Hotellet vart grunnlagt i 1884 av Anders Markusson Loen. Han hadde i 1868 starta landhandel i Loen. I 1870 bygde han nytt i tre etasjar, med overnatting i andre høgda. Hotellet heitte først Hotel Loen. I 1875 fekk Loen dampskipsstogg, og Anders M. Loen vart ekspeditør og postopnar. Då vegen til Loenvatnet var ferdig 1881, starta han skysstasjon.

Hotel Alexandra kring 1885

Hotel Alexandra kring 1885

Namnet Alexandra

I 1888 vart hotellet omdøypt til Hotel Alexandra, etter ei britisk prinsesse. Frå 1890 til 1927 leia Anders sin son, Markus Loen, hotellet. Ved utvidingar i 1906 og 1913 fekk hotellet 133 gjestesenger. I 1934 vart det bygd ny fløy i funkisprega stil som braut med den gamle sveitsarstilen. Kapasiteten var no 178 senger.

Kjenndalsrestauranten øydelagt

Kjenndalsrestauranten, som hotellet dreiv, vart øydelagd av Loen-raset i 1936. Då vegen til Kjenndalen var ferdig i 1938, vart restauranten gjenreist, med kapasitet for 400 gjester. Den vart driven til 1957. Restaurantdrifta i Kjenndalen låg nede til Sverre Navelsaker frå Eid kjøpte den gamle restaurantbygningen i 1980. Like etter vart bygget øydelagt av ras, og Navelsaker bygde då ny restaurant der den første restauranten stod nede ved vatnet. Seinare vart drifta teken over av Karin og Gerd Christoph Magenbauer frå Stryn.

Fleire utvidingar

Hotellet vart utvida mot nord i 1952 og 1957, og i 1962 vart ein stor del av den sveitserprega hotellbygningen riven for å gje plass til nytt høgbygg på sju etasjar. Richard Loen leia hotellet frå 1927 til 1965, då dottera Inger og svigersonen Eivind Grov overtok. Etter utvidingar i 1968-1971 fekk hotellet kapasitet på 320 senger. I 1976 fekk hotellet symjebasseng mot vest. 1979 vart trebygget frå 1934 rive for å gje plass til stor utviding m.a. med ny resepsjon m.m. mot aust.

Hotel Alexandra og Loenfjord hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK

Hotel Alexandra og Loenfjord hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK

Richards hotell

Hotellet bygde på 1970-talet Richards Hotell i Loenbukta. Dette hotellet gjekk med tap, og vart etter ei tid selt ut av Alexandra-konsernet.

Hotell Loenfjord

I 1996 opna Hotell Loenfjord med 122 gjesterom på nabotomta til Alexandra. Dette hotellet er heileigd av Alexandra.

Richard Grov

Richard Grov

Familieeigd i starten

Hotell Alexandra var eit reint familieeigd selskap fram til 1985, då reiarlaget Bergesen d.y. ASA skaut inn ein større aksjepost, i tillegg til nye aksjonærar m.a. frå Sunnmøre.

I år 2000 kjøpte Grov-familien tilbake Bergesens aksjepost på 27 prosent, og kontrollerer deretter 47 prosent av aksjane. Richard Loen si familiegrein kontrollerer i alt 52 prosent av aksjane i Alexandra-konsernet.

Son til Inger og Eivind Grov, Rickard Grov, gjekk i 1996 inn som hotelldirektør ved Hotel Alexandra.