Aasbjørn Slettemark

Aasbjørn Slettemark (1890-1918) frå Naustdal. Lærar og forfattar. Han tok artium i Oslo i 1911, og tok til å studere filologi i 1912. Men han vart sjuk, han lei av pleuritt, og måtte gje opp studiet. I staden tok han ein tilleggsprøve Elverum lærarskule, slik at han kunne undervise.

Han arbeidde som lærar ved folkehøgskulane i Vefsn og i Gudbrandsdalen.

Slettemark skreiv m.a. dikt og noveller, trykt i Norsk Barneblad og Unglyden. Men lungesjukdommen førde til hol på ei blodåre i lunga, og han døydde heime i Naustdal, berre vel 27 år gamal.

Noko av det han skreiv vart samla av Julius Gjermundstad og gjeve ut i bokform i 1931. Han var også ein habil kunstmålar og felespelar.

Han var onkel til den seinare så kjende kunstnaren Kjartan Slettemark.