Aage Engesæther. Foto: NRK.
Aage Engesæter fødd 1951 i Sogndal. Historikar, høgskulelærar og museumsdirektør. Cand. phil. frå Universitetet i Bergen 1974 med historie hovudfag.
Vitskapeleg assistent ved Sogn og Fjordane Distriktshøgskule frå 1977, amanuensis i historie frå 1980. Rektor ved Høgskulen 1989-1994.
Direktør ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum frå 1995 til 2012, då han tok til som førstekonservator ved Reiselivsmuseet i Balestrand.
Engesæter har skrive ein mengd lokalhistoriske skrifter og artiklar, og var medforfattar av «Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år» (Samlaget 1988). I 2009 gav han ut ”Levd liv, ei soge og sogningane og muséet deira” (Skald Forlag) saman med Anna Jorunn Avdem og Lars Asle Vold. I 2010 var han medforfattar i jubileumsboka ”Årdal – kamp, krefter og kunnskap” (Skald Forlag).
Engesæter har frå 1996 vore styreleiar for Sognahallen, storhallen som vart opna i Sogndal i 1998.