Det gamle Meidell-huset vart rive i 1830, og sokneprest Ole Aabel bygde dette nye huset i empirestil på tufta - kalla Aabelheim. Aabel nytta då ein del bygningsdelar frå det gamle huset etter oberst Meidell.
Midt i den tette husklynga på nordsida av middelalderkyrkja Vangen kyrkje ligg eit gamalt, herskapeleg hus. Dette er «Aabelheim.»
Ole Aabel.
Den første « kondisjonerte» som slo seg ned der Aabelhuset står, var sjef for Aurlandske Compagnie, oberst Jakob Gerhard Meidell sr. i 1752. Meidell bygde eit hus på staden. Dette vart skada av brann, men ikke meir enn at det vart sett i stand att.
I 1801 kom Ole Aabel som sokneprest til Aurland. Kring 1830 reiv han det gamle «Meidell-huset» og bygde eit nytt hus i empirestil på tufta. Aabel nytta då ein del bygningsdelar frå det gamle huset etter oberst Meidell. Huset har ei forseggjort fløydør mot hagen og midstilt ark på sjøsida, og har sidan vorte kalla «Aabelheim».
I tillegg til å ha tent som prestebustad, har Aabelheim også vorte nytta som pensjonat.
Per Aabel overnatta i yngre dagar i Aabelhuset.
Per Aabel på jakt etter skrømt
Ein etterkomar etter presten Ole Aabel var den store skodespelaren Per Aabel. Han overnatta i «Aabelhuset» ein gong - for å høyre om det var noko i rykta om at gjenferdet til tippoldefaren skulle romstere i huset på nattestid!