A/S Florø Olje- og Fiskemelfabrikk

Florø Sildoljefabrikk ca. 1950. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Florø Sildoljefabrikk ca. 1950. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den første sildoljefabrikken i Sogn og Fjordane - A/S Florø Olje- og Sildemelfabrikk - vart bygd ved Kanalen like ved innkøyringa til Florø i 1910.

Det var ingeniør Hans Andreas Hartner frå Oslo og sildevrakar i Florø, Andreas Trovik, som tok opp tanken om å få bygd ein sildoljefabrikk i Florø. Den rike forretningsmannen Abraham Haave hadde også ein finger med.

Florø Sildoljefabrikk, som den seinare vart kalla, låg ved Kanalen der symjehallen "Havhesten" ligg idag. Ein dampmaskin sytte for trekkrafta til maskinane. Bergensfirmaet Johan C. Martens kom under 1. verdskrig inn som 50 % eigarar. Abraham Haave og disponenten Gregorius Haus frå Bremanger eigde 25 % kvar.

Etter økonomiske vanskar i 1927, overtok Oslo-firmaet Nordstrand og Kjølberg. I 1929 vart fabrikkstyraren, disponent Gregorius Haus, eineeigar. Sonen Kjeld Haus (sjå denne) overtok då faren døydde i 1945.

I dei store sildeåra på 1950-talet hadde fabrikken ved Kanalen 50 mann i arbeid. I 1966 vart fabrikken seld til Jakobsen-familien i Tromsø, og vart nedlagd i 1974. Hans Bie med si verksemd Florø Stål dreiv nokre år mekanisk industri i lokala.

Badeanlegget Havhesten er bygt der Florø Sildoljefabrikk låg.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Badeanlegget Havhesten er bygt der Florø Sildoljefabrikk låg.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjå og Sildoljefabrikkane.