Tidlegare A.O. Sunde i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.
A.O. Sunde starta mekanisk verkstad i Olden i mellomkrigstida. Sunde produserte utstyr for sagbruk og vassturbinar, og dei laga også vassrøyr i tre.
På Muri hadde Sunde bilverkstad og bensinstasjon som seinare vart overteken av dottera Aud og ektemaken hennar, Jostein Drageset. I bygget dreiv dei også ein butikk. Dei la ned bensinstasjonen i 1996.