”Brenning”-mysteriet og Brensdals-brørne

Motorbåten ”Brenning” med tyske offiserar om bord. Det er truleg Hjalmar Brendsdal som står til høgre. Den 24. februar 1943 gjekk båten frå Korssund, i 1976 vart restar av båten funne på Gjøringebøvika i Førdefjorden. Brørne Arthur og Hjalmar Brendsdal har ingen sett meir til. Fotoet er utlånt av Eivind Fossheim

Motorbåten ”Brenning” med tyske offiserar om bord. Det er truleg Hjalmar Brendsdal som står til høgre. Den 24. februar 1943 gjekk båten frå Korssund, i 1976 vart restar av båten funne på Gjøringebøvika i Førdefjorden. Brørne Arthur og Hjalmar Brendsdal har ingen sett meir til. Fotoet er utlånt av Eivind Fossheim

Om ettermiddagen 24. februar 1943 ser folk på Atløy ein liten motorbåt på veg nordover. Det er motorbåten «Brenning» frå den vesle grenda Brensdal ved Sognefjorden, mellom Leirvik og Lavik. Mannskap ombord er brørne Arthur og Hjalmar Brensdal.

Begge er i 20-åra. Dei har med seg to passasjerar. Den eine er Helene Skaar, gift og mor til fire barn i Korssund. Den andre er ein Wehrmacht- soldat frå Austerrike: Oberwachtmeister Maximillian Leopold Kautz. Observasjonen av «Brenning» ved Atløy er det siste ein ser til båten.

Funn på Russenes

I 1954 finn eit ektepar frå Russenes ved Førdefjorden ein koffert medan dei leitar etter sauer i utmarka. Like ved kofferten heng ein mannsfrakk i ei bjørk. I kofferten ligg ein svart kjole, gassbind og andre forbindingssaker, ei fyrstikkøskje, og eit par skeier og gaflar. Finnarane trur at kofferten må vere kasta ut frå fly fordi den ligg så ulendt til, og melder ikkje frå om funnet.

Rømlingane i Sverige

I 1964 tek det til å gå rykte om at Helene Skaar og den tyske soldaten lever i beste velgåande i Sverige. Det vert stadfesta at dei to no bur i Sundsvall, og no kallar seg Ruth og Karl Rewinger. Ved forhøyr stadfester dei at dei hadde rømt med «Brenning», men har elles ingenting å fortelje. Under tida i Sverige hadde dei også opplyst varierande fødselsdatoar til styremaktene, og Karl hadde flittig skifta namn for ikkje å bli oppdaga.

Vraket av Brenning vart funne her på Gjøringebøvika. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vraket av Brenning vart funne her på Gjøringebøvika. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vrak i Gjøringebøvika

I 1976 oppdagar ein garnfiskar vrakdelar på grunt vatn i Gjøringebøvika. Det ligg eit båtvrak søkkt like oppunder land. Lensmannen vert varsla og ei mengd vrakdeler vart berga opp, m.a. motoren, som vert identifisert til å tilhøyre den bortkomne «Brenning». I vraket vert det og funne tomhylser. Dei to i Sverige vert kontakta på nytt, men hugsar ingenting.

Ulateig vil skrive bok

Framsida av boka til Egil Ulateig.

Framsida av boka til Egil Ulateig.

Forfattaren Egil Ulateig tek til å grave i saka og oppsøkjer paret i Sverige. Paret fortel no at dei rømde fordi Karl var kommandert til Austfronten, og Helene vart, mot sin vilje, ordra til å vere telefonvakt på eit kystfort ved Lammetun.

Karl hevdar at Brensdals-brørne la seg til å sove då dei to gjekk i land, og at dei hadde fortalt at dei skulle reise vidare til England. Men Helene korrigerer, og seier brørne skulle tilbake til Lammetun ute ved kysten. Dei to forklarar seg også ulikt om terrenget der dei steig i land, og om vèret den dagen. Kofferten kjende dei ikkje til.

No ringjer telefonen, og paret vert tydeleg åtvara av ein slektning om ikkje å seie meir. Så vert Ulateig kasta på dør, og i eit brev seinare vert han truga med politi om han vender tilbake. (Opplysningane her er henta frå Egil Ulateigs bok «To levende og to døde» frå 1982) Heller ikkje reporter Anne Margrethe Alværn frå NRK Sogn og Fjordane fekk intervjue paret då ho like etter bokutgjevinga tok kontakt med dei to i Sverige.

I 2010 kunngjorde Sogn og Fjordane Teater at dei ville sette opp eit teaterstykke om hendinga. Stykket hadde premiere i februar 2011.

Les meir om krigshistoria i Naustdal