Årdal og Sunndal Verk (ÅSV)

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Fem år etter at det vart gjeve grønt lys for bygging av aluminumverk i Årdal vedtok Stortinget å byggje eit nytt, statseigd aluminiumverk på Sunndalsøra på Nordmøre. Det nye verket skulle få krafta frå regulering av Aurafalla, som fossespekulanten Ragnvald Blakstad hadde fått hand om tidleg på 1900-talet samstundes som han kjøpte fossar i Ålfoten i Nordfjord og i Nysetvassdraget i Årdal.


Med Sunndalsøra som søsterbedrift, vart Årdal Verk til Årdal og Sunndal Verk - ÅSV - i 1951, og ÅSV heitte aluminiumkonsernet heilt fram til 1986, då det vart slege saman med Norsk Hydro (sjå Hydro tilbake i Årdal).


Vart pengemaskin for Staten

Det gjekk som dei fremste optimistar hadde spådd: Aluminiumverket i Årdal vart ein pengemaskin for Staten, og verket vart utvida med to nye byggjesteg i 1959 og 1962 - Årdal II og Årdal III. 10 år seinare vart den første omnshallen, Årdal I modernisert. Årdal verk var no det største aluminiumverket i Europa med ein kapasitet på 150.000 tonn årleg.

Kraft frå Fortun

Krafta som skulle til, skaffa ÅSV ved regulering av Utlavassdraget i Øvre Årdal. Men den største kraftmengda henta verket frå nabokommunen Luster: Etter eit mislukka forsøk på å starte stålverk i Høyanger, hadde konsul Harald Larsen kjøpt Fortunsvassdraget. Her dreiv han i nokre år ein liten «elektrostålfabrikk» ved Skagen. Då fabrikken brann opp og Larsen måtte gje seg, overtok Sogns Eiendomskompani fallrettane, og det var frå dette selskapet at ÅSV kjøpte Fortunsvassdraget.

På same staden som konsul Larsen dreiv sitt mislukka stålverk, bygde ÅSV Fortun kraftstasjon. Det leverte meir straum til omnane i Årdal enn heile Tyin-utbygginga til saman. Fortun kraftverk starta produksjonen i 1959. Tyin og Fortun produserte seks gonger så mykje kraft som det gjekk med til almennforsyninga i resten av fylket. Fortunsverka hentar krafta frå Fortunvassdraget og Grandfastavassdraget kring Sognefjellet, og har sidan vorte mykje utvida og moderniserte. Les meir i artikkelen Fortun-utbygginga under Luster kommune.


Les meir om Årdal Verk, Årdal og Sunndal verk og Hydro i Årdal i eigne artiklar under Historia i Årdal: Industribygginga i Årdal og Hydro.