Å «gjere åt»

Heilt fram til 2. verdskrig var det å «gjere åt» vanleg når ein slakta i grenda Sygna.

Etter at dyra var avliva, tok slaktaren eit kar med glødande ved og svinga glofatet over hovuda på alle som var med på slaktinga.

Deretter plukka han ut nokre glør og kasta dei i karet med blod, over dei daude dyra, på øksa og kniven, og tømde resten av glørne på marka der blodet hadde runne.