UTSETT IVERKSETJING - KRAV OM NY VURDERING
Vi syner til saksnummeret Dykkar 2012/766.
Vi syner også til svar frå Fylkesmannen i same sak dagsett 14.03.2012.
Ein registrerer ny utvikling i saka der Porsanger kommune har sendt e-post til kommunestyremedlemene med varsel om avlyst kommunestyremøte.
Av e-posten kan ein lese at det planlagde kommunestyremøtet 29.mars vert avlyst. Ein ser at den omtala lovlegkontrollen ikkje står oppført på lista over saker som vert utsett. Ved å avlyse møtet 29.mars vert kommunestyrerepresentantane også fråtekne sjansen til å reise saka sjølv i møtet.
Dette betyr at sak om lovlegkontroll tidlegast kan handsamast i neste møte 10.mai, nær 5 månader etter at kravet vart sett fram.
I praksis tek Porsanger kommune frå dei folkevalde den retten dei har etter lova, til å fremje lovlegkontroll jf. kommunelova §59.
I Fylkesmannen sitt brev av 14.03.2012 siterer vi fylgjande:
«Inntil videre har Fylkesmannen ikke grunnlag for å fravike lovens hovedregel og gir dermed ikke kommunens vedtak oppsettende virkning.»
I lys av desse nye opplysningane krev vi at Fylkesmannen i Finnmark revurderer standpunktet sitt om utsett iverksetjing av nedlegging av to skular i sak «PS 93/11 Årsbudsjett 2012 og Økonomiplan 2012-2015 for Porsanger kommune».
Vi reknar med at Fylkesmannen handsamar dette omgåande som ei hastesak.
Brite Kandal (leiar) og Dag Audun Eliassen (rådgjevar)