Hopp til innhold

Framleis ingen mistenkte etter pistolran

Politiet har no snakka med kvinna som jogga forbi då ein bensinstasjonen blei rana i Stavanger fredag kveld. Det har ikkje ført til noko gjennombrot i saka.

Ran på Shell i Stavanger

Her blir den tilsette truga med pistol.

Foto: Politiet

– Overvakingskameraet syner ei kvinne som jogga forbi Shell-stasjonen på Åsen då ranet skjedde. Det ser også ut som om ho kikka inn, seier vaktleiar i politiet Morten Vestbø.

Politiet gjekk difor ut og etterlyste kvinna, sidan ho kunne sitje på viktig informasjon. Laurdag ettermiddag melde ho seg for politiet.

Kvinneleg joggar

Politiet har no avhøyrt den kvinnelege joggaren.

Foto: Politiet

Går ut med overvakingsbilete

Det var like etter klokka 23 fredag kveld at ein svartkledd mann rana Shell-stasjonen på Åsen i Stavanger med pistol. Han fekk med seg tobakk og litt pengar, før han forsvann ut døra og vidare til fots mot Byggmax.

Politiet har nå gått ut med overvakingsbilete som syner ranaren, i håp om at det kan føra etterforskinga vidare. Laurdag kveld står politiet framleis utan konkrete mistenkte i saka.

– Me har snakka med vitnet, som har gitt ei skildring av kva ho såg. Det har førebels ikkje gitt ført til gjennombrot i saka, seier vaktleiar Sveinung Ihle.

Ber vitne om å melde seg

Han legg til at politiet har fått tilgang til nye overvakingsvideoar frå staden, som dei håpar kan gi noko meir.

– Elles ber me folk som kan ha sett noko av interesse om å melde frå til politiet, seier Ihle.

Mannen som blei truga med pistol skal etter forholda ha det greitt.

Ranaren forsvann til fots mot Byggmax

Ranaren forsvann til fots mot Byggmax

Foto: Politiet