Viste fingeren – fekk bil etter seg

Politiet på Karmøy måtte i dag stoppa ein bil som køyrde uaktsamt. Det viste seg at bilisten hadde lagt seg på hjul etter ungdommar som hadde vist han fingeren.

Vise fingen - Bilføraren som blei stoppa av politiet hadde blitt kraftig provosert då ungdommar i ein annan bil viste han fingeren. - Foto: Mathias Oppedal / NRK

Bilføraren som blei stoppa av politiet hadde blitt kraftig provosert då ungdommar i ein annan bil viste han fingeren.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det var i seks tida i kveld politiet fekk inn fleire meldingar om uaktsam køyring på Karmøy.

– Det var ein bilførar i 20-åra som køyrde med varsellysa tende, han var delvis over i motsett køyrefelt og tidvis køyrde han med ein fart som folk oppfatta som svært høg i forhold til grensene, opplyser operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne-Reitan.

Prøvde å stoppa bilist som hadde vist fingeren

Politiet fekk spora opp og kontrollert bilføraren.

Det viste seg då at køyringa hadde si forklaring i at ungdommar som hadde køyrd i bilen framføre hadde han fingeren.

Køyringa var hans var eit forsøk på å gje teikn til dei om at han ville dei skulle svinga til sida.

– Bilføraren blei kraftig formant om at han ikkje kan køyra slik, sjølv om han føler seg forulempa av andre trafikantar. For framtida må han ringa politiet dersom han kjem i en tilsvarande situasjon, seier Utne-Reitan.